Mørke over NATO og NATO-sjefen ved 70 årsjubileet

Ole Bjerke - Gudbrandsdølen Dagning 

Må NATO ruste opp? 4. april var det 70 år sidan Atlanterhavspakta, forløparen til NATO, vart stifta. NATO-sjef Jens Stoltenberg var da i USA for mellom anna å snakke med president Trump. Dei to var hjartans einige om å presse dei fleste NATO-landa til meir opprusting. Stoltenberg heldt også tale i Kongressen og presiserte at Russland var hovudfienden. Opprustinga der er ein stor trussel. Derfor er det nødvendig for NATO å bruke meir pengar til militære formål.

Det betyr ingen ting for Stoltenberg om det er sant eller usant det han seier. Han veit at han i alle tilfelle vil få full støtte frå storparten av massemedia våre.

Ifølgje SIPRI (Stockholms Internasjonale Fredsforskingsinstitutt) brukte Russland i 2017 544 milliardar kr på forsvaret. NATO brukte 5877 milliardar. Det blir 10,8 gonger meir. Av årboka for SIPRI for 2018 går det fram at frå 2016 til 2017 reduserte Russland forsvarsutgiftene med 20 prosent.

Krigen i Libya

2. april drøfta Stortinget den norske deltakinga i krigen i Libya i 2011. Jens Stoltenberg var den ivrigaste for å få Norge med i krigen. Saksordførar den 2. april var Knut Arild Hareide. Han sa mellom anna: «Deltakelsen oppfylte alle konstitusjonelle krav og alle humanitærrettslige prinsipper.» Dette bør vi setja opp imot det to pilotar som var med på bombinga, sa i Brennpunkt-programmet «Dei gode bombene», sendt på NRK 12. mars 2013: Mange av bombene var målstyrte, og dei hadde ei slik sprengkraft at det burde ikkje vera ei overrasking for nokon at det gjekk med liv på bakken der bombene trefte. Pilotane sa at dei hadde bomba tettbygde strøk, og at dei hadde gjort brutale og litt stygge ting. Dersom Hareide ikkje blir flau over det han sjølv sa, må det tyde på at noko i han har gått i vranglås slik det opplagt må ha gjort hos Jens Stoltenberg, Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide som alle tre ville ha handla på same måten under ein tilsvarande situasjon i dag.

Norge sleppte 588 bomber over Libya. Hadde vi fått sett resultatet etter alle desse bombene, ville opplagt mange ha oppdaga vanvettet i det vi gjorde.

Imponert og glad

Den 20. mars hadde Anna Kathrine Kristiansen, Moelv, ein artikkel i GD med overskrifta «NATO og lille meg». Der er ho sterkt kritisk til alle angrepskrigane som NATO har set i gang sidan fyrst på 1990-talet. Eg ringde for å takke ho. Da fortalde ho at ho var 98 år gammal. Eg vart forundra, imponert og glad. Det var kjærkome med ei slik sterk motvekt til mismotet som rikspolitikarane våre etterlèt seg.