Rakafisk i Kersones

Arne Horge - Klassekampen Det var då grekarane tok til å slå seg ned med byar kring Svartehavet. Sørvest på halvøyi Krim sette dei fot i år 528 f. Kr., og Kersones vart ein blømande by for handel, handverk og kultur. Velberga byborgarar sytte for eit amfiteater åt gresk scenekunst, og i 313 e.Kr. hadde keisar Konstantin den store godkjent kristendomen i Romarriket, og med kristendomen kom kyrkjor med basilika-arkitektur. Då Martin 1. vart pave i Rom i 649 var Vest-Romarriket rent i koll av folkevandringane, men i aust sat keisaren i Konstantinopel med stor makt. Pave Martin vart usamd med keisaren um læresetningar for kyrkja, og keisaren sette han fast, og sende han i utlegd åt Kersones. Martin var sjuk då, og døydde i Kersones 655.

Bylivet i Kersones vara ved radt til tatarane på 1200-talet øydelagde byen. I dag er Kersones ei vid strekkje med arkeologiske utgravingar, og med eit framifrå museum med ting som det er best å taka vare på innanstokks. Under blå himmel og i blidt haustvêr på Krim vart me synte ikring av ei kvinne med linhår.

Ho stana tett ved amfiteateret og synte oss ein slags kjellarhals med opning upp med på lag 125 x 125cm. Her vart det salta ned fisk, fortalde ho. Med lok på vart opningen potte tett såg eg, og det slo meg at det var til rak heller enn berre til salting at dei gamle grekarane hadde lagt ned fisk her. Til rakafisk gjekk det med mykje mindre salt, og salt var kostsamt i dei dagar, og rakafisk var kjend frå dei eldste tider.

Men var det ikkje fyrst og fremst aure og røye frå ferskvatn som var brukande til rak, spurde eg meg sjølv. Då kom andletet hans Gilbert Hølet, «Huller`n» i grendi heime, rakafiskkjennaren, upp i hovudet mitt. - «No er du ein tosk, Arne», sa andletet, «tenk på svensk surströmming.» - «Men er det mogeleg at paven kan ha fenge siste styngen frå for mykje rakafisk eller frå skjemd rakafisk», undrast eg.. - «Javisst, javisst», svara Huller'n, og vidare dryftingar vart det ikkje. Med fast røyst sa kvinna med linhåret ifrå at me hadde mykje meir att å sjå.

Pave Martin hadde halde fram at Kristus hadde tvo gjerder, ein menneskjeleg og ein gudommeleg, det var vedteke i 451 på kyrkjemøtet i Kalkedon. Keisaren derimot studde seg til kyrkjemenner som hevda at Kristus nok var både gud og menneskje, men med berre ein gudommeleg vilje. For synet sitt vart pave Martin heilaggjord for ortodokse og katolske kristne, her uppe hjå oss er det heilage avlyst, og Martin lite kjend. Han vart til slutt uppgraven og relikviane førde til Rom, og dei tok nok den rette, for St. Martin 1. var so kjensk, han hadde so lang nase.